Hopland
Eg såg dagens ljos 1. april 1980, og fekk namnet Solveig Evelyn Hopland. Eg vaks opp på Hopland, ei av dei fine, bratte bygdene i Stryn kommune. Relativt tidleg oppdaga eg min store lidenskap for kreative aktivitetar; teikne, måle, sy, forme - det å skape var eit behov og ei glede. I 2004 vedtok eg å ha kunst som yrkje, og har fram til no hovudsakeleg produsert figurative oljemaleri.

 

CV
 

Eigenarrangerte Separatutstillingar:

2016, Haustutstillinga "Spekter" i samarbeid med Heidi Josefsen i Stryn kulturhus -Stryn

2014, Jubileumsutstilling i Straumgjerde -Sykkylven ( 10 år som heiltidskunstnar)

2013, Vårutstilling i Stryn Kulturhus  - Stryn

2012, Galleri Lille Minx   - Sykkylven

2011, Vårutstilling i Stryn Kulturhus  -Stryn

2010, Haustutstilling i Galleri Elvetun - Sykkylven

2007, Haustutstilling i Stryn Kulturhus  -Stryn

2006, Vårutstilling med gjesteutstillarar i Grieghallen -Bergen

2004, Vårutstilling med gjesteutstillar i Stryn Kulturhus - Stryn

 

Deltakelse på Kollektive utstillingar:

2017, Gjesteutstillar hjå Oddny Løseth Velle i Velledalen  -Sykkylven

2016,  Haustutstilling i regi av Artists Across Continents i den Brasilianske Ambassaden  - Oslo

         Sommarutstilling i Galleri Gamlebanken Nordfjordeid og Galleri Mathilde - Skjåk

          Påskeutstilling, Galleri 104  -Sandane

2015, Juleutstilling Galleri Artifex   - Ålesund

         Haustutstilling for Mental helse i Berlihuset - Sykkylven.

          sommarutstilling, Galleri Mathilde - Skjåk.

2014, Sommarutstilling, Galleri Mathilde - Skjåk.

2013, Juleutstilling, Galleri Artifex kunst & Antikviteter  -Ålesund

         Sommarutstilling, Galleri Mathilde - Skjåk

            og                     Galleri Artifex   - Ålesund

2012, Juleutstilling, Galleri 104           -Sandane

          Sommarutstilling, Galleri Mathilde - Skjåk

          Påskeutstilling,   Galleri 104        - Sandane

2011,  Sommarutstilling, Galleri Mathilde - Skjåk

2010, Vårutstilling,  Galleri Gamlebanken  -Nordfjordeid

          Sommarutstilling, Galleri Mathilde  -Skjåk

         Haust-og juleutstilling Galleri Artifex - Ålesund

2009,  Sommarutstilling, Galleri Mathilde - Skjåk              

 

Offentlege oppdrag:  

I 2008 var eg ein av dei lokale kunstnarane som fekk i oppdrag å lage premiar for NM i skiskyting i Stryn.

Eg er sjølvsagt stolt over at Emil Hegle Svendsen, Ole Einar Bjørndalen og Lars Berger er blant dei som fekk av mine bilder :)

 

 

"Veien blir til mens man går" -det er sanne ord. Eg er på veg, og medan eg går, satsar eg på å nå ut til mange menneske gjennom kunsten. Målet mitt er at du skal kunne oppleve noko i sjela når du ser bilda mine.

 

Enkelte motiv har ei djupare meining, andre har skjulte opplevingar til nærmare ein ser. Og andre igjen er ganske enkelt det fyrste inntrykket du ser. Ei vakker ljos-setting er ei stor oppleving, som naturen lagar enkelt og plutseleg. -Eg brukar dog litt lenger tid på å gjengi naturens mange vakre ljos:)